RITUAL

Eit prosjekt i samarbeid med Folkebilblioteket i Stranda Kommune, Trollstigen og Geirangerfjord golfklubb og Overvoll Retreat

Kva er eit ritual?
Eit ritual hos oss er ei handling som blir utført med jevne mellomrom, gjerne i tilknytning til overgangar, t.d årstider. Det viktigaste for oss er at rituala skal være ein invitasjon til refleksjon som kan gi ei djupare meining i kvardagen. Eit riutal hos oss er ein invitasjon til kvalitetstid i lag med andre. Rituala legg til rette for inkludering og oppleving av å høyre til i lag med andre, der alder, gruppering, status, språk og kultur blir mindre viktig.

Kvar blir rituala haldne?
Ved hol 6 på golfbane anlegget skal vi trylle deg inn i kunsten si verd og forteljingar! Her har vi eit naturleg amfi teater, omkransa av massive fjell og ørret-elva, Embla, sneglar seg gjennom landskapet. Golfanlegget har ord på seg å være “godt stelt, men vanskelig spelt”. Anlegget er ei fjellgolfbane omgitt av naturlege matskogar. Langs med finn du fleire sortar bær, mangfold av matsopp og flokkar med ville hjortedyr og orrefugl i leik på våren.

Kva kan du forvente?
Her kan du få oppleve historie- og mytefortelling servert rundt bålet vår, haust og vinter! Våre tema handlar ofte om sjølvberging. Humor og ein porsjon gravalvor, hårreisande historiar, fleip og fakta, er gode ingredienser i våre ritual. Vi har alltid matservering på arrangementet.