våken draum

Om å leve si sanning

Tenk deg at du våkner opp ein dag og innser at du har sove i timen og i dei fleste av dagane ? Tenk deg at du får eit glimt av di potensielle kraft og at din identitet kjem på plass - utan fleire forvirrande lag av unnskyldningar, vekkforklaringar og misforståingar?

Tenk deg at du våknar opp og kjenner at blodet som renn i årene dine er som elvane som renn gjennom mosegrøne skogsbotnen, at du våknar opp og kjenner at naturen - ja den er også deg?

Tenk deg at du sit trygt på din plass i lag med andre mennskjer, der alle eige sitt og kan romme både seg sjølv og andre?

Tenk deg at du har gode verktøy til å hjelpe deg med, slik at du kan veve gode trådar på livs veven din? Trådar som snakkar om rettferdig fordeling, ressurs hensyn, omsorg for medmenneskjer, dyr og natur?

Tenk deg at du sit rundt bålet, at du er bålet, at du er god nok som du er?

Tenk deg ein stad der leik og humor, alvor og refleksjonar kan gå hand i hand og at ein saman bygger ei framtid som favnar stødigt? At vi i fellesskap stadig vågar å sette modige spørsmålstegn om rett kurs og veg?

Tenk om vi kunne få gleda av å kjenne deg - hos oss i Permakultur parken?